høst 2019
aug  september  okt  nov  des

Søk









 Nytt emne  |  Gå til toppen  |  Gå til emne  |  Søk  |  Logg inn   Forrige innlegg  |  Neste innlegg 
 Frp og filmklubbar
Forfatter: Lars Gaupset 
Dato:   21.11.02 18:14

I følgje Frps program meiner dei at kultur er noko som folk skal betale for sjølv, utan at ein skal bruke folks skattepengar på alt mellom himmel og jord. Det vil i praksis seie at det kuttast hardt i offentleg støtte og stipend til filmproduksjon og filmklubbar over heile landet.

Tenkjer vi oss at vi får ei Frp-regjering i Noreg etter neste val, er utsikta skremmande for oss som har eit utmerka filmtilbod i Trondheim takka vere Cinemateket og TFK. Skulle støtta forsvinne, er det vel liten sjanse for at idealistiske filmklubbar som denne vil greie seg reint bedriftsøkonomisk, eller..? Tilstrøyminga har vore stor på ein del av filmene etter det eg har forstått, men det flotte med filmklubben er jo at de viser ein film sjølv om berre 2 personar sitt i salen.

M.a.o bør alle som ønskjer eit godt filmtilbod ikkje gje røysta si Framstegspartiet ved neste val. Men det er vel unødvendig å snakke om her. Ikkje for å påstå at frp'arar er mindre "høgkulturelle" enn andre, men eg trur den typiske Frp-veljaren føretrekk "Holmgang" framfor Kurosawa.

 Svar på dette innlegget  |  Se emner   Forrige emne  |  Neste emne 

 Emner Forfatter  Dato
 Frp og filmklubbar  ny
Lars Gaupset 21.11.02 18:14 
 Kultur? Hæ?  ny
Øistein 22.11.02 02:17 
 Re: Frp og filmklubbar  ny
Cinemateket Trondheim 22.11.02 10:34 


 Nytt emne  |  Gå til toppen  |  Gå til emne  |  Søk  |  Logg inn 
 Svar på dette innlegget
 Ditt navn:
 Din e-post:
 Emne:
Send svar til denne tråden til e-post adressen over.
Viktig! Skriv 'menneske' i feltet under for bevise at du er et menneske.