Careful!


Careful! Kanada 1992 Regi/Manus Guy Maddin Med Kyle McCullough, Gosia Dubrowolska, Sarah Neville, Brent Neal, Paul Cox 96 min 16mm engelsk tale, Utleige Tor Fosse
Careful! blir omtala som ei kryssing av gotisk skrekkromantikk, tysk ekspresjonisme og 20-tals tyrollerfarse ispedd freudiansk tematikk.

Vi blir presenterte for ibuarane i byen Tolzbad som lever i konstant redsle for snøskred, noko som tvingar dei til alltid berre å kviskra til kvarandre og for all del unngå bråk. Her bur enka Zenaida saman med dei tre sønene sine. Den eldste av dei, Franz, held til på loftet der han lever i dyster undring over kvifor mora ikkje vil sjå han. Den vakre Grigoross og den unge Johann går på Butlerskulen (!) i landsbyen.Trass i at han er trulova med ei ung og søt jente, har Johann sterke seksuelle fantasiar om mor si. Dette leier til ein familietragedie som utløyser ein dominoeffekt i Tolzbad...

Careful! er ein rein studioproduksjon med ei setting som får ein til å tenkja på Dr. Caligaris Kabinett. Filmen kombinerer stumfilmen sine mellomtekstar med eit noko "rustut" og sprakande lydspor. Biletsida liknar dels dei fyrste, gloretute technicolor filmane, men mange scener er rett og slett filma med fargefilter som gjer dei heilt raude, blå, gule eller grøne - noko som gjev ein særeigen effekt.

Regissøren, den 36 år gamle kanadiaren Guy Maddin, er eit nytt kjennskap for dei fleste i Noreg. Men han ligg bra til i løypa for å vinna tittelen kanadisk films enfant terrible. AttåtCareful! har han laga to spelefilmar;Tales from The Gimli Hospital (1988) og Archangel (1990). Alle filmane har ein så personleg stil at det er vanskeleg å settja nokon annan merkelapp på dei enn Maddinske, noko vi godt skjønar etter å ha sett Careful!. Maddin sjølv har karakterisert filmen som eit vitnemål om gleda i det å undertrykkja(st), og legg til: "Please keep all dirty secrets in the closet. It`s more fun that way. Be careful!"

nfk/gk


Nettverksgruppa 20/1-94, www@nvg.ntnu.no