vår 2019
jan  feb  mar  apr  mai  jun


Hustruer
Anja Breien Norge 1975
Med Anne Marie Ottersen, Katja Medbøe, Frøydis Armand, Helge Jordal, Sverre Anker Ousdal

Manus Anja Breien
Foto Halvor Næss, Nils Raknerud
Musikk Finn Ludt
Utleie NFI

83 min 35mm


Søk








Trondheim Filmklubb er stolt av å presentere vårsemesterets filmvisninger og -quizer! Vi sees! #tfk… https://t.co/nvHxjD6egN

Dato Kl. Kino Tittel Org
onsdag 26. januar (v2005) 18:30 Rosendal Hustruer TFK

Kva ville skje om kvinner byrja oppføre seg som menn, og gjekk på rangel i staden for å passe mann, heim og barn? Eit tøysete feministisk spørsmål, seier du? Hustruer tek opp nettopp denne tematikken. Tre gamle klassevenninner forlenger tiårsfesten for folkeskulen med ei skikkeleg rotbløyte, og stikk midlertidig av frå mann, barn, jobb og anna ansvar i nokre dagar.

Mie, Heidrun og Kaja er dei tre unge kvinnene, eller hustruene, som møtes igjen ti år etter at dei møttes sist. Utover kvelden blir det tydeleg, både for oss og dei, at liva deira nok ikkje vart akkurat som dei drøymde om for ti år sidan. No har dei både kravstore familiar og kanskje ein krevjande jobb ute i tillegg. Dei bestemmer seg difor for å legge alt ansvar på hylla nokre dagar, gå på fylla og leve livet.

Hustruer er den første av i alt tre filmar om desse gamle klassevenninnene. I 1985 og i 1996 kom dei to neste Hustruerfilmane, der vi følgjer dei same kvinnene ti og tjue år seinare. Også her ender klassegjenforeningane med lengre ranglar for dei tre. Anja Breien hadde regien i alle tre filmane, samstundes som ho var også delaktig i manusarbeidet. Ho fekk også tre av dei beste kvinnelege skodespelarane i Noreg på den tida med seg på laget. Denne første filmen kom midt på 1970-talet, det politiske tiåret, og tek opp samtidas kjønnsdebatt på ein morosam og treffande måte. Kanskje verkar tematikken og polemikken litt utdatert og overtydeleg no, men dette er framleis ein av dei mest solide og markante norske filmane frå det tiåret. Filmen er levande og humoristisk fortald, og er kanskje ein av dei norske filmane frå 70-talet som ber alderen best.

lms

comments powered by Disqus