høst 2019
aug  september  okt  nov  des
Sitcom

Sitcom
François Ozon Frankrike 1998
Med Évelyne Dandry, François Marthouret, Marina de Van, Adrien de Van, Stéphane Rideau, Lucia Sanchez, Jules Deido.

Manus François Ozon
Foto Yorick le Saux
Musikk Éric Neveux
Utleie SEG

85 min 35mm


Søk








Kom på Trondheim Filmklubbs åpningsfilm for høstsemesteret kl 18 på Cinemateket. #ShortTerm12 #BrieLarson… https://t.co/5tzR40Xmvy

Dato Kl. Kino Tittel Org
onsdag 28. januar (v2004) 18:30 Rosendal Sitcom TFK

”Whacky, satirical, perverse and crazy. See it if you can.”

I denne filmen møter vi ein velståande og tilsynelatande harmonisk familie, som etter kvart viser seg å skjule fleire meir eller mindre perverse fantasiar. Det heile startar med at familien får ei rotte som kjæledyr. I byrjinga er ikkje alle like begeistra for det nye tilskotet til familien, men ein etter ein kjem dei likevel i kontakt med rotta. Utan å røpe for mykje om handlinga, blir resultatet av denne kontakten at dei latente seksuelle fantasiane hos karakterane kjem fram i lyset, og den harmoniske fasaden går i oppløysing.

Fleire har peika på at ein kan finne inspirasjon frå filmskaparar som mellom anna John Waters og Luis Buñuel i Ozons film. I tråd med Waters sine filmar og Buñuels Borgerskapets diskrete sjarm, angrip Ozon den ideelle middelklassefamilien, om enn med sin eigen vri. Som tittelen tilseier nyttar Ozon også konvensjonar frå situasjonskomedien for mellom anna å ironisere over dei tradisjonelle familieverdiane. Dei som i byrjinga er den ”perfekte familie”, får etter kvart liva sine og forholda til dei andre familiemedlemma snudd på hovudet.

I Sitcom gir François Ozon oss eit portrett av ein noko uvanleg familie, der tema som identitet, seksualitet og familie blir skildra ved hjelp av element frå mellom anna melodrama, slapstick og skrekk. Dette er kanskje ikkje Ozons beste, men er vel verdt å sjå om du er i humør til å sjå ein bisarr og svart komedie, med eit plot som er fullstendig umuleg å forutsjå.

Red.

comments powered by Disqus