vår 2019
jan  feb  mar  apr  mai  jun
Shanghaitriaden

Shanghaitriaden
Zhang Yimou Kina 1995
Med Gong Li, Li Baotian, Sun Chun, Jiang Liu

Manus Bi Feiyu, etter en roman av Li Xiao
Foto Lu Yue
Musikk Zhang Guangtian
Utleie NFI

103 min 35mm norsk tekst


Søk








Trondheim Filmklubb er stolt av å presentere vårsemesterets filmvisninger og -quizer! Vi sees! #tfk… https://t.co/nvHxjD6egN

Dato Kl. Kino Tittel Org
søndag 16. januar (v2005) 18:30 Rosendal Shanghaitriaden TFK

Shiusheng, ein litt treig gut frå landet, blir sendt til Shanghai for å jobbe seg opp i Tang-gjengens hierarki. Han startar som tenar for elskarinna til sjefen sjøl, og gjennom hans auge får vi sjå utkanten av maktspel, intrigar og gangsterkrig. Midt oppi det heile er altså sjefens elskarinne, nattklubbsongarinna Xiao Jingbao. Nett som Shiusheng har ho hamna i ei verd der ho ikkje høyrer heime, men der Shiusheng reagerer på det framande ved å ville reise heim, er det annleis med henne. Ho lever på eit vis i ein gangsterfantasi, der ho sjøl glir inn i hovudrolla utan eigenleg å agere. Ho ser ikkje kva som kjem, og i motsetnad til Shiusheng prøver ho ikkje eingong å trekke seg unna når det smell. Dette berre må gå gale, og Shiusheng er den einaste av dei som overlever utreinskinga som kjem når eit komplott blir avslørt. Ringen blir slutta når han er vitne til korleis ei ung jente som har mykje felles med han sjøl blir lokka til eit liv som kjem til å få mykje felles med Xiao Jingbao sitt. Kanskje slutten hennar ikkje var så uventa lell? 'Shanghaitriaden' er altså ein ganske trist film. Ein annan ting 'Shanghaitriaden' er, er at han er heilt utruleg lekker. Dei lyssky aktivitetane til gangsterane er paradoksalt nok bada i lekkert, litt gult lys. Om det er i dyre hus, nifse nattklubbar eller på flukt frå fiendane, er det tydeleg at mykje arbeid har gått med i detaljane. Ikkje noko independent-drit eller pønke-estetikk her i garden! Kom og sjå!

 
 
kss

comments powered by Disqus